Fitjar skulekorps kom på 6.-plass i konkurranse med 13 andre korps. Herr framfører dei NM-stykket sitt Sinfonietta No 2 på scenen i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus. Dirigent er Svein Roger Koppang.
Fitjar skulekorps kom på 6.-plass i konkurranse med 13 andre korps. Herr framfører dei NM-stykket sitt Sinfonietta No 2 på scenen i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus. Dirigent er Svein Roger Koppang. Foto: Helga Rimmereid

Fire lokale skulekorps i NM

Både Stord skulekorps og Fitjar skulekorps gjorde sine saker bra i NM.

Stord skulekorps enda til slutt på 5.-plass i 2. divisjon i meisterskapen for janitsjarkorps, som gjekk av stabelen i Larvik sist helg.

Bømlo skulekorps var det andre, lokale korpset som deltok i Larvik. Dei kom på 8.-plass i 3. divisjon.

I Stavanger vart NM for brass-korpsa arrangert, og her var det Fitjar skulekorps som gjorde det best av dei lokale, med ein 6.-plass i 2. divisjon.

Tysnes skulekorps kom på 8.-plass i same divisjonen.

Stord skulekorps er dirigert av Håvard Kroka, Svein Roger Koppang er dirigent for Fitjar skulekorps, Nick Hughes for skulekorpset på Tysnes, medan Åse Rønningen og Linn Espeland er musikalsk ansvarlege for Bømlo skulekorps.

Stord skulekorps hadde spontankonsert på torget på Leirvik helga før NM. Dei hamna på 5.-plass i 2. divisjon.
Stord skulekorps hadde spontankonsert på torget på Leirvik helga før NM. Dei hamna på 5.-plass i 2. divisjon. Foto: Harald Onarheim

Overraska folk i sentrum:Skulekorpset hadde spontankonsert på torget