NM: Her er medlemmene i Stord og Rommetveit skulekorps fotografert før det digitale NM starta. Dei skulle etter kvart spela seg inn til ein fin fjerdeplass. Foto: Privat

Fjerdeplass i korps-NM

Fekk skryt av dommarane.

Laurdag spelte Stord og Rommetveit skulekorps seg til fjerdeplass i NM for skulekorps janitsjar, trass i fleire veker med avlyste øvingar og over eit år med koronarestriksjonar.

Kvart år avsluttar Stord skulekorps sesongen med NM for skulekorps i Larvik. I fjor vart NM avlyst, og i år var NM arrangert digitalt. Sist helg hadde Stord og Rommetveit samarbeidskorps både konsert og opptak til NM. Med songen «Sedona» av Steven Reineke fekk korpset ein flott fjerdeplass i 2. divisjon, med mykje skryt frå dommarane Bengt Florvåg og Ingrid Bergene Fossaa.

«Godt balansert, klanglig stor kontroll og bra teknisk ... Nydelige soloer i klarinett, fløyte og sax, og superstødig slagverk hele veien», var tilbakemeldinga.

Les også
Deltek i skulekorps-NM: – Musikantane har verkeleg stått på

Dirigent Håvard Kroka fekk også skryt. Korpsa har rekordlåg alder på kornett, horn og fløyte, men dei står på og blæs flettene av dei mykje eldre klarinettistane som sit framom.

– Det er også litt vemodig med NM, då dei eldste takkar for seg. Klarinettistane Sina Amalie Hauge og Kristin Bakke har spelt i Stord skulekorps i ni år, og forsvinn no til Barrat Due i Oslo og Toneheim folkehøgskule på Hamar. Kornettisten Nora Rykkje må også gje seg etter mange år i Rommetveit skulekorps. Det er alltid trist når dei eldste må pensjonera seg, men korpsa ønskjer nye aspirantar velkomen til hausten og satsar på pallplassering til neste år! melder Trude Grini Olsen på vegner av samarbeidskorpset.

Les også
Stordabuar ønskjer å blåsa fart i karrieren
Les også
Her får Yngve (60) tidenes overrasking