Gjester: Hannah Stenersen og Oscar Bergesen Vatle i «Hurra»-studie med programleiar Kjetil Østrem. Foto: Vidar Hope

– Føler me berre får dumme blikk når me går med dressen

Hannah Stenersen og Oscar Bergesen Vatle kunne tenkt seg ei heilt anna russefeiring.

Dei to avgangselevane ved Stord vgs. er gjest i studio i Sunnhordland sitt bursdagsshow «Hurra». Begge har handla inn rikeleg med russekort, men det var før koronakrisa slo ut for fullt.

Bergesen Vatle kan fortelja at ein yngre person valte å takka nei til russekort ...

– Dei vil ikkje ha, seier han.

Les også
Russegruppa donerer dugnadspengar til Kreftforeningen

Sjølv om situasjonen rundt årets russefeiring var ganske uavklart då duoen var i studio, var dei samde om éin ting.

– Det blir champagne uansett.

Sjå russen, pluss mykje anna kjekt, i programmet under:

Les også
Sjå biletserie frå digital russedåp på Stord her!