Atle Hansen.
Atle Hansen. Foto: Marius Knutsen / arkiv

Forfattarar av Nedreaas-bok blir bokbada av Hansen

Torsdag får folkebiblioteket besøk av Grethe Fatima Syéd og Torill Wistner frå Nedreaas-selskapet. Dei blir «bokbada» av Atle Hansen.

Dette skjer i samband med den nye boka av Grethe Fatima Syéd, «En sommar med Nedreaas».

Boka kom ut tidlegare i år, og forutan denne vil fokus vera denne kvelden vera på Torborg Nedreaas sitt liv og forfattarskap.

– Nederaas var ein sentral forfattar i etterkrigstida, og ein forsvarar for dei svake. Ho var fødd i 1906 i Bergen og budde der i oppveksten. Mora vart skild, og Nedreaas budde delvis i København, og delvis på Stord. Stefaren hadde sommarhus på Stord. Ho budde også på Stord under krigen saman med mora. I diktinga til Nedreaas kan ein finna mange spor frå Stord. Dette gjeld i natur- og miljøskildringar, men og i motivval.

Torborg Nedreaas var utdanna konsertpianist, men kom til bli kjend som forfattar. Debuten hennar var i 1945 med to novellesamlingar: «Før det ringer tredje gang» og «Bak skapet står øksen». Torborg Nedreaas er elles særleg kjend for oppvekstforteljingane om jenta Herdis Hauge, «Trylleglasset», «Musikk frå en blå brønn» og «Ved neste nymåne».

– Ho er og ein forfattar som har sterkt kvinnefokus. Dette kjem m.a. til uttrykk i forsvaret av tyskarjentene i boka «Bak skapet står øksen» og kvinnefokus er det også i boka «Av måneskin gror det ingenting», skriv Stord folkebibliotek i ei pressemelding.

Torsdag blir Torborg Nedreaas tema for bokbad på biblioteket.
Torsdag blir Torborg Nedreaas tema for bokbad på biblioteket. Foto: PRIVAT

Få med deg kva som skjer i kulturlivet i Sunnhordland