Podkast: Kjetil Fyllingen (til h.) lagar podkast for Sunnhordland. Her med gründer Kristian Notland Harnes som står bak Nuen-møblane frå Huglo. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Første episode av Stordpodden er ute!

No kan du høyra den aller første episoden av podkasten «Stordpodden», med Kjetil Fyllingen som programleiar.

I episoden intervjuar programleiaren gründer Kristian Notland Harnes, som står bak kortreist møbelproduksjon på Huglo i selskapet Nuen. Saman med kona Lene Notland, som kjem frå Huglo, sa Harnes opp fast jobb i hovudstaden for å flytta heim til Vestlandet.

Nyleg presenterte dei sine første møblar, som fekk prisen for beste utstilling på den årlege designmessa i Grieghallen i slutten av oktober. Du kan høyra episoden her:

Episoden er òg tilgjengeleg på Spotify, og elles hos Apple Podcasts ved å følgja denne lenkja.

Allereie onsdag kom ein «minipodd» ut, der Fyllingen og Sunnhordland-redaktør Magne Kydland snakkar om podkast-satsinga. Minipodden kan du høyra her:

Ved å følgja denne lenkja finn du endå fleire avspelingsmogelegheiter.

Les også
No er «Stordpodden» her!

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

Bli betre kjend med (tidlegare) Sykkel & Kaffi-Stein

Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt brenn for flyktningar

SNG-leiar Jan Kåre Pedersen om vegen frå telemontør til bedriftsleiar

Berit Hovstad starta mikrobakeri i kjellaren

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingvild Hjellestad Johannesen brenn for teaterlaget

Jan Roar Hovland gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Redaktør Magne Kydland om podkast-satsinga