Goldlog: Det blir ei litt anna konsertoppleving for artistane utan publikum. Arkivfoto: Thea Idsøe

Goldlog gler seg til å halda digital konsert

Neste konsert ut i Sunnhordland sessions er det alltid aktuelle Stord-bandet Goldlog.

Sunnhordland ynskjer å by på konsertar med lokale artistar i digital form framover. Førre helg var det konsert med Endre Olsen som blei strøyma live på Facebook. Søndag 5. april er det konsert med Goldlog som står for tur.

Kjernen i popgruppa består av ekteparet Ingjerd Kannelønning Kolstad (vokal) og Ian Kolstad (gitar).

– Det er så enormt mange som tek slike initiativ for tida, og det trur eg folk rundt i dei tusen heimar set utruleg pris på, seier Ingjerd om det digitale konsertkonseptet.

Ho gler seg veldig til å spela og håpar at folk vil setta pris på konserten.

– Eg er spent på korleis det blir. Under ein konsert står ein vanlegvis og kjenner på energien i eit rom, og har kjende og ukjende fjes å forholda seg til når ein syng. Eg håpar likevel me klarer å formidla utåtvendt og at det ikkje blir for internt, seier vokalisten.

Les også
Konsertar direkte inn i stova di

Vil utfylla lydbilete

I år legg Goldlog bak seg 17 år saman. Bandet har til no gjeve ut fem plater, og sist Goldlog gav ut ny musikk var då dei feira 15-årsjubileum i 2017. Det gjorde dei med jubileumsturné og plata «Black».

Under konserten skal ein få høyra eit utval låtar frå alle deira fem plater.

– Det blir Goldlog i duoformat. Det blir stemma mi og Ian sine gitarar og alle hans «duppedittar» for å fylla ut lydbiletet. I tillegg til klokkespelet mitt, seier Ingjerd.

Søndag klokka 20 kan ein sjå konserten direkte på Facebook og Sunnhordland.no. Den blir spelt inn i trygge rammer på Osvald pub, som for tida er stengt grunna koronakrisa.

Les også
Endre Olsen-konserten samla inn over 40.000 kroner til Maris

Vil samla inn

Ingjerd og Ian jobbar begge som lærarar på fulltid, på høvesvis musikklinja og kulturskulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ian og eg er profesjonelle musikarar og har fast jobb, slik at det er ikkje me som treng pengar. Me ynskjer å samla inn til nokon som treng det meir enn oss. Det Endre gjorde for Maris var veldig bra, og me synest det var ein god ide, seier Ingjerd.

Dei har framleis ikkje landa på kven dei ynskjer at bidraga skal gå til.

Under konserten med Endre Olsen førre fredag vart det samla inn 40.800 kroner til Maris, lågterskeltilbodet for rusavhengige på Leirvik.

Sjå konserten med Endre Olsen fredag 27. mars: