Festivalutstillar Rune Markhus har salsutstilling på Galleri Günther under Falturiltu-veka.
Festivalutstillar Rune Markhus har salsutstilling på Galleri Günther under Falturiltu-veka. Foto: Privat

Han blir festivalutstillar

Falturiltu har hanka inn Rune Markhus til årets festival.

Rune Markhus har stiller med salsutstilling i Galleri Günther i Borggata gjennom heile Falturiltu-festivalen, som går av stabelen første veka i november.

Markhus jobbar som frilans illustratør og har utdanning frå Westerdals School Of Communication (1991-1993). Han gjekk og på formingslinja ved Sunnhordland folkehøgskule (1988-1989). Etter 12 år som Art Director i reklamebransjen, vart han illustratør på heiltid i 2007. Sidan har han illustrert 18 bøker for barn og unge.

– Fleire av desse har vunne prisar, blant anna i «Årets vakreste bøker». Odd Nordstoga sine «Eg og Pontus»-bøker og monsterforteljinga «Når alle sover» av Nicolai Houm er av dei mest kjende titlane, skriv Falturiltu-sjef Roald Kaldestad i ei pressemelding.

Markhus lagar også bokomslag, motiv til reklame, magasin og animasjonar. Teiknestilen varierer frå klassisk teikning til det meir stiliserte og karikerte. Gjerne inspirert av teikneseriar, rock-kultur og filmatiske stemningar. Motiva har ofte ein humoristisk vri. Streken vert handteikna på papir med t.d. tusj, blyant, vatnfargar. Og så bearbeidd og fargelagt digitalt, står det vidare.

Markhus er fødd og oppvaksen i Tysvær, og har mange slektningar på Stord og i Sunnhordland. Han bur og arbeider i Moss med kone, to gutar og katten Solo.