Fekk pris: Henrik Mundal Andreassen kunne stolt ta imot ein av hovudprisane under Haugesund journalistlag sin vinterkonferanse på Karmøy laurdag kveld. Foto: Ine Rossebø Knudsen

Han tok «Årets bilete»

Journalistprisar til TV Haugaland, Sunnhordland og Haugesunds Avis då Haugesund Journalistlag arrangerte sin årlege vinterkonferanse.

På utdelinga av journalistprisane under Vinterkonferansen 2020 laurdag kveld, blei det delt ut totalt tre hovudprisar og seks heiderlege omtalar.

Sunnhordland sin fotojournalist, Henrik Mundal Andreassen, fekk prisen for årets bilete, eit bilete han tok på Stordabrua i desember, då kollegaene til den omkomne etter den tragiske dødsulukka samlast for ei minnestund.

Juryen, som er fotografane Tor Nilssen og Ingerid Jordal skriv følgjande om vinnarbiletet: «Eit bilete som gjer ord overflødige. Her har fotografen formidla ei tragisk og trist hending på ein god og respektfull måte. Sjølv om ein ikkje kan sjå dei sørgjande sine ansikt, fortel positurar og stemning mykje. Regnet, mørket og gatelysa understrekar stemninga. Ved å ikkje verta for konkret, har fotografen lukkast i å løfta biletet opp på eit nivå som kan formidla ikkje berre denne hendinga, men også kan verta eit bilete på sorg generelt. Fotografen har teke gode val i korleis han har formidla ei vond stund som har prega både involverte og eit lokalsamfunn».

Vinnarbiletet: Dette er biletet som er kåra til «Årets bilete» i regi av Haugesund journalistlag. Foto: Henrik Mundal Andreassen

I kategorien «Lyd og levande bilete» gjekk hovudprisen til Eivind Jul Wibe Fiksdal og TV Haugaland for «Stjernehimmel».

Journalistprisen gjekk til Haugesunds Avis, og først og fremst Tone Lütcherath, John Arne Bauge og Einar Tho, for artikkelkomplekset «Øksedrap i psykiatrien».

I tillegg til fotoprisen, fekk Sunnhordland, ved Marius Knutsen og Ståle Eskeland, heiderleg omtale for nett-tv-serien «På tur i bilar med sjel».

Les også
Gjæv pris til lokalavis-forkjempar