FESTIVAL: Festivalleiar Roald Kaldestad under fjorårets opning av Falturiltu. Foto: Harald Onarheim

Har du ein hitlåt på nynorsk eller dialekt liggjande?

I løpet av dei neste vekene kan folk senda inn innslaga sine til låtskrivarkonkurransen Sunnhordlandslåten. Frå i år av kan publikum vera med og avgjera kven som vinn studioinnspeling og speleoppdrag under Falturiltu-festivalen i haust.

Tradisjon tru går verdas største nynorskspråklege bokfestival Falturiltu av stabelen 31. oktober, og vil gje sunnhordlendingar og tilreisande ei innhaldsrik veke fram til avslutninga 6. november.

Den folkekjære viseartisten Odd Nordstoga kunngjorde i dag at han på fredag slepper ny plate. Han kjem med bandet sitt for å opptre under årets Falturiltu.

– Det vert topp å få han på programmet, samt ei rekkje nye ting, seier Roald Kaldestad, festivalleiar for Falturiltu.

I samarbeid med Falturiltu har Sunnhordland gleda av å kunngjera at konkurransen Sunnhordlandslåten vert skipa til atter ein gong.

– Det er faktisk niande året me har denne konkurransen. Det er alltid spanande.

FJORÅRETS VINNAR: Nils Eivind Horneland vart vinnar av Sunnhordlandslåten 2019 med «Tankane mine». Foto: Harald Onarheim

Publikum er med og avgjer

Nytt i år er at Sunnhordland sine lesarar kan stemma. I tillegg har Falturiltu motteke støtte frå Sparebanken Vest og ABC Studio i Etne.

Vinnaren av konkurransen vil få innspeling i studioet til ein verdi av 14.000 kroner og eit speleoppdrag under Falturiltu 2020.

– Det er eit veldig bra lydstudio. Ein får då gjort ei skikkeleg proff innspeling der. Tidlegare har me alltid hatt ein jury som har avgjort kven som er vinnaren, men denne gongen avgjer juryen og publikum det i lag, seier Kaldestad.

Les også
No har dei kåra Sunnhordlandslåten 2019

– Ein tanke er at ein då kan heia på sine og kanskje få eit større engasjement rundt konkurransen og artistane.

Stemmegjevinga vil skje på Sunnhordland.no. I juryen finn ein artistane Harald «Milos» Eskeland, Ranghild Kambo Grov og journalist Ingvild Siglen Berger frå Mediehuset Sunnhordland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tekst på dialekt eller nynorsk

– Det er ein veldig open konkurranse. Det einaste nye kravet er at folk må spela låten inn såpass bra at han kan presenterast på nettet. Elles er det eit krav at teksten er på nynorsk eller dialekt. Folk står heilt fritt til val av sjanger og alt det musikalske. Me har hatt alt ifrå vise til rock og reggae. Det vert spanande, seier Kaldestad.

Han oppmodar yngre om å verta med, som ikkje har prøvd seg før.

– Det hadde vore veldig stas. Me veit det finst mange som komponerer for seg sjølv, så at me får dei fram i lyset er litt målet med dette. Tanken med konkurransen er først og fremst å få visa fram flinke folk som kanskje ikkje er så frampå. Det er ikkje noko krav om at ein er ukjent heller. Me vil oppmoda alle som har ein låt dei tykkjer er god, som er på nynorsk eller dialekt, om å senda han inn.

Kaldestad legg til at påmeldingsfristen er innan 10. oktober, og at bidrag kan sendast til falturiltu@gmail.com.

Tidlegare vinnarar

2012: Runar B. Mæland

2013: Nese Rastafari

2014: Johanne Engevik Haga

2015: Åsmund Nesse

2016: Hotel Sundal

2017: John-Inge Rolfsnes

2018: Brynjar Stautland

2019: Nils Horn

2020: ?