VINNAR: Ena Vallestad Kårbø fekk blomar av festivalsjef Roald Kaldestad under fjorårets Falturiltu. Foto: Per Lønning

Har du skrive årets beste song i Sunnhordland? Send han inn til oss!

Påmeldinga til Sunnhordlandslåten 2021 er i gang.

Falturiltu og Sunnhordland er i gang med ny runde av Sunnhordlandslåten. I fjor var det 14-åringen Ena Vallestad Kårbø som imponerte Sunnhordland sine lesarar og juryen mest med songen «Dei pratar».

– Det er enklare å få ut kjenslene gjennom musikk enn å snakka med folk heile tida, sa Ena til Sunnhordland etter at ho gjekk heilt til topps.

Les også
Ena (14) song låten som tok både jury og lesarar med storm

Låtskrivarkonkurransen Sunnhordlandslåten har halde fram sidan Runar Bjørkvik Mæland blei tidenes første vinnar i 2012.

Konkurransen er open for alle i alle aldrar og for alle typar sjangrar. Det einaste kravet er at teksten er skrive på nynorsk eller på dialekt.

I år er premien studiotid hos musikkprodusent Gisle Østrem, kjend frå Storm Weather Shanty Choir. I tillegg får vinnaren framføra songen på årets utgåve av Falturiltu i november.

Tidlegare vinnarar

2012: Runar B. Mæland

2013: Nese Rastafari

2014: Johanne Engevik Haga

2015: Åsmund Nesse

2016: Hotel Sundal

2017: John-Inge Rolfsnes

2018: Brynjar Stautland

2019: Nils Horn

2020: Ena Vallestad Kårbø

Som i fjor skal lesarane til Sunnhordland vera med og stemma fram vinnaren. Det gjer dei saman med juryen som i år består av artistane Gaute M. Sortland frå Bergen mandolinband, Ingjerd Kannelønning Kolstad frå Goldlog og Sander «Botaii» Hjellvik Askeland, i tillegg til journalist Kjetil Østrem i Mediehuset Sunnhordland.

Slik blir du med

Spel låten inn så bra at han kan leggast på nettet. Send fila til falturiltu@gmail.com innan 15. oktober.