UKM: Vert arrangert likevel på Stord. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Har funne UKM-løysing

Kommunen har funne ei løysing på korleis Ung Kultur Møtes (UKM) kan arrangerast på Stord.

Det melder kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt.

– Kommunen har fått ein del reaksjonar på at me ikkje deltek i UKM i år og har funne ei løysing på korleis me kan gjennomføra dette. Kulturskulen organiserer tilbodet med utvida påmeldingsfrist til 19.1, skriv ho i ei pressemelding.

Portalen for påmelding, ukm.no, vil opna i løpet av dagen

Informasjon vil òg bli lagt ut på kulturskulen si Facebook-side og kommunen si nettside.

UKM har vore arrangert på Stord i over 30 år. Det var fredag førre veke det vart kjent at UKM ikkje ville verta arrangert på Stord på grunn av bemanningsproblem, men no er det altså funne ei løysing.

Torstein Siegel, dagleg leiar i UKM Norge, skriv i ein kommentar til Sunnhordland at det er strålande nytt at det er funne ei løysing for UKM på Stord.

– Då ønskjer eg lukke til, og oppfordrar om å søkja stimuleringsmidlar hos oss, seier han.

UKM Norge sit nemleg på stimuleringsmidlar, og neste søknadsfrist er 15. januar. Dei to fylkesmønstringane i Vestland går føre seg 25.-26. april på Voss og i Måløy.

Les også
Leste om UKM-kutt i avisa
Les også
Eit stort tap