Helene Bøksle skal halda fleire konsertar i Sunnhordland, mellom anna på Halsnøy Kloster førstkommande søndag.
Helene Bøksle skal halda fleire konsertar i Sunnhordland, mellom anna på Halsnøy Kloster førstkommande søndag. Foto: PRESSEFOTO

Helene Bøksle til Klosterdagen

I helga vert det mykje som skjer på Halsnøy kloster. Mellom anna kjem Helene Bøksle for å halda konsert.

Søndag er det nemleg klart for den årvisse Klosterdagen, som har vore arrangert på Halsnøy kloster i regi av Sunnhordland museum og Venelaget for Halsnøy kloster, heilt sidan 1988.

I ei pressemelding frå klosteret heiter det at denne dagen er det tradisjon for å presentera ulike former for kunst -og kulturuttrykk, i tillegg til aktivitetar for born og unge. I år skal mellom anna utstillinga «Halsnøy kloster - før og no» opna.

Dei siste åra har det jamt og trutt vore arbeidd med å lage ein permanent utstilling om historia til Halsnøy kloster. Bak-kjellaren har i denne tida blitt pussa opp, brønnen gjort rein og lyssett, og monter laga.

– Me har òg vore så heldige å få låna nokre få av funna frå utgravingane på 60- og 70- talet. Desse er til vanleg oppbevart på Bryggen museum i Bergen. I tillegg til dei utlånte gjenstandane inneheld utstillinga mellom anna tilverka steinmateriale frå kyrkja som ein gong stod på staden, og tekstar og bilete. Utstillinga vil fungere som eit viktig element i formidlinga av historia til klosteret, heiter det i pressemeldinga.

Sjekk ut Sunnhordland sin kulturkalender her!

I forkant av opninga vil Helge Pedersen, konservator ved Sunnhordland museum, halda eit foredrag om arbeidet med utstillinga.

Seinare på dagen skal songaren Helene Bøksle halda konsert. Sørlandsartisten er i desse dagar på turne, og skal mellom anna innom Baroniet i Rosendal og Haaheim Gaard på Tysnes i dagane før.

I pressemeldinga heiter det at det kan verta fullt under konserten, og at det kan vera lurt å tinga billettar på førehand. Dette om det vert dårleg vêr, og konserten vert innandørs.