VINNAR: Nils Eivind "Nils Horn" Horneland vart vinnar av Sunnhordlandslåten med "Tankane mine". Foto: ARKIV

Her kan du høyra den nye Sunnhordlandslåten

Nils Horn var soleklar vinnar med låta "Tankane mine".

I år, som fleire andre år, har ein jury kåra Falturiltu sin sunnhordlandslåt. Nils Eivind Horneland, som går under artistnamnet Nils Horn, var den juryen meinte hadde det beste bidraget. Om låten "Tankane mine" sa juryen:

"Ein enkel, men variert melodi, som er lett å hugsa. Teksten opnar sitt eige univers, har fleire originale og fine, uventa formuleringar. Ein ny vri på ei urgammal historie".

Høyr "Tankane mine" her:

– Me fekk inn elleve bidrag, og det var ganske mange som låg jamt i teten. Det var eit bra nivå, fortel festivalleiar for Falturiltu Roald Kaldestad, før han legg til:

– Men vinnarlåten var heilt soleklar.

Tidlegare vinnarar

Runar B. Mæland (2012), Nese Rastafari (2013), Johanne Engevik Olsen (2014), Åsmund Nesse (2015), Hotel Sundal (2016), John-Inge Rolfsnes (2017) og Brynjar Stautland (2018).

KULTUR
No har dei kåra Sunnhordlandslåten 2019