Bryt seg inn: «Sagvågaren» hevdar å ha teke seg opp på Sunnhordland-taket via ein brannstige. Foto: Skjermdump

Her kuppar «Sagvågaren» innspelinga

Programleiar Kjetil Østrem anar fred og inga fare, då ein kjenning brått dukkar opp.

Midt i innspelinga av bursdagsshowet «Hurra» står han der, «Sagvågaren», på jakt etter kakestykke. Programleiar Kjetil Østrem treng etter kvart hjelp med å kasta ut den ubedne gjesten. Få med deg dramaet i videoboksen nede i saka.

Sagvågaren på veg ned i sofaen. Det spørs kor lenge han blir sitjande der. Foto: Skjermdump

Søndag kveld sendte Sunnhordland for første gong eit talkshow. «Hurra» kom som ein plan b ettersom avishuset i år ikkje kunne gjennomføra den tradisjonsrike kakefesten i Borggata.

Her kan du sjå sendinga:

Om du får problem med straumen, kan du nytta denne: