Gaute Epland: Gaute Epland i bursdagssendinga «Hurra». Foto: Skjermdump

Her må den nybakte tvillingpappaen avbryta intervjuet

Ordførar Gaute Epland er ikkje langt vekke når Syver og August vil ha merksemd.

Medan Sunnhordland gjer intervju med den nybakte tvillingpappaen i skulehagen på Rommetveit, er det brått lydar å høyra frå vogna ved sida.

– Smokken pleier å hjelpa, seier Epland før han er tilbake i intervjuet.

Sunnhordland møtte Gaute Epland, som for tida har permisjon frå jobben som Stord-ordførar, i samband med bursdagsshowet «Hurra» på Sunnhordland.no. Her fortel Epland om balansegangen mellom rollene som firebarnsfar, sambuar og folkevalt. Noko han sjølv meiner at han greier fint.

Det er ikkje alltid enkelt å leggja jobben til sides når ein kjem heim. Både biogassanlegg, ny ferjestø og ikkje minst Hordfast har fått Epland til å engasjera seg - også etter at arbeidsdagen er over.

Her kan du sjå heile intervjuet med ordføraren, pluss mange andre kjekke innslag: