Tilsett: Elsa Aanensen er dagleg leiar for riksjubileet Moster 2024. Foto: Erika Hebbert

Ho vert dagleg leiar for riksjubileet

Elsa Aanensen er tilsett som dagleg leiar for riksjubileet Moster 2024.

I 2024 er det 1000 år sidan Kristenretten vart innført i Norge, og Bømlo kommune saman med Vestland fylkeskommune og andre aktørar, planlegg eit riksjubileum det året med sentral markering på Moster.

Elsa Aanensen er no tilsett for å leia planlegginga og gjennomføringa av riksjubileet. Det skriv Bømlo kommune i ei pressemelding fredag.

– Me er svært glade for at Elsa har takka ja til denne viktige jobben. Forprosjektet, som har fått politisk tilslutning i både fylkes- og kommunestyre, set høge ambisjonar for det vidare arbeidet; me skal både engasjera og begeistra langt ut over Bømlo sine grenser, seier Aud Gunn Løklingholm, konstituert rådmann i Bømlo kommune.

Les også
Får millionstøtte til 1000-årsjubileum

Det er vedteke at jubileet skal ha fokus på «verdiar i lovverk og samfunn», og barn og unge vert ei prioritert målgruppe. Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune førebur no opprettinga av eit eige aksjeselskap som handterer den vidare planlegginga. Når dette er etablert vert Aanensen tilsett i dette selskapet.

Kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund meiner Elsa sin breie erfaring frå kultursektoren, både som utøvande kunstnar, produsent og leiar var akkurat den kompetansen ein var på utkikk etter.

Aanensen har bakgrunn som skodespelar, produsent og regissør. Ifølgje pressemeldinga har ho vore tilsett som dagleg leiar og prosjektleiar innanfor teater-, film- og kulturproduksjon. Ho har mellom anna vore teatersjef på Brageteatret - regionteater for Buskerud, og festivalsjef for Kulturnatt Haugesund. I dag er ho dagleg leiar for det Haugesund-baserte produksjonsselskapet Scenekraft AS, som ho var med og starta i 2009.

Les også
Vil ha storfeiring på Moster