Sjå og høyr Hilde Skaar syngja live hos P3.
Sjå og høyr Hilde Skaar syngja live hos P3. Foto: Skjermdump

Høyr Hilde Skaar syngja låt frå «Game of Thrones» med KORK i ryggen

Hilde Skaar har igjen vitja P3 Live.

Denne gong var det «Game of Thrones»-fanen Skaar som tok over studio.

Ifølgje P3 var ho ikkje vond å be då dei spurde om ho hadde lyst å covra «The Rains of Castamere» saman med Kringkastingsorkesteret.

Seansen fann stad under liveinnspelinga av «Game of Thrones»-podkasten.

SistSkaar song live på P3, var i november i fjor. Då framførte ho både singelen «Higher Ground» og sin versjon av Sondre Justad-låten «Ikke som de andre».

Nyleg var Skaar og bandetpå tur med kongeparet til Chile, der dei fekk spela under ein av dei offisielle middagane.

– Det var heilt fantastisk! Det var ei veldig lang reise for berre to songar, men eg kjem til å hugsa det resten av livet, sa Skaar til Sunnhordland etter reisa.

Det vart også tid til litt prat med kongeparet.

– Me var veldig nervøse, men dei er så jordnære og fine. Dronninga vitsa litt og etterlikna Stord-dialekten. «Da e’ da, ja», herma ho etter meg, ler Skaar.

Hilde Skaar gjev no ut sin tredje singel og er klar for fleire festivalar i sommar.