I studio: Nina Samdal (biletet) og Tonje Hardersen er med i Sunnhordlandpodden denne veka. Foto: Kjetil Fyllingen

Høyr spesialepisode om filmfestivalen

Programleiar Kjetil Fyllingen tek ein prat med administrativ leiar Nina Samdal og festivaldirektør Tonje Hardersen i Den norske filmfestivalen.

Har du vurdert å ta turen på Den norske filmfestivalen i Haugesund? I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du høyra litt om historia bak festivalen og korleis festivalen blir i år.

Den norske filmfestivalen i Haugesund er landet sin første filmfestival, og har gjennom ei årrekkje hylla filmen og filmkunsten ved å vera møtestad for norsk og nordisk filmbransje og det ålmenne publikum.

I år går festivalen av stabelen frå 14. til 21. august.

Høyr episoden her:

… eller via denne lenkja.

Her er oversikta over alle episodane av Sunnhordlandpodden.