Foto: Tuva Åserud

Morgan opna «Saghaugen calling»

Punk og rock stod i fokus då tilrettelagd opplæring hadde konsert ved Stord vgs.

Publisert: Oppdatert:
Foto: Tuva Åserud

Artistane på konserten stod klare langs veggen medan folk prøvde å finna seg plass.

Det var ikkje lett å finna seg eit sete i salen, og fleire måtte stå bak i lokalet for å få med seg konserten.

Rett før konserten var det framleis kø inn døra. Lærar Kjersti Knutsen (i parykk) tok imot folk utanfor salen.

Foto: Tuva Åserud

– No skal de få oppleva noko de seint vil gløyma, og eg snakkar ikkje om frisyren min, sa musikalsk leiar Endre Olsen.

Han introduserte konserten saman med Kjersti Knutsen, som sa nokre ord om nedleggingsforslaget knytt til tre programfag på Stord vgs.

– Denne konserten er eit resultat av samarbeid på tvers av programfaga, sa ho.

Foto: Tuva Åserud

Morgan Vespestad var først ut på scena. Heile salen klappa i takt.

– Det gjekk veldig fint, sa Vespestad etter konserten.

Han synest det var kjekkast å vera programleiar.

Alle songane var oversette til norsk.

Tørres Haugen Myklebust song ein godt kjent låt.

– Psycho killer, eller sjuke tider som me likar å seia, sa konferansier Vespestad innleiingsvis.

Foto: Tuva Åserud

Mari Almås Saue spelte ukulele i bandet saman med Marie Esmeralda Flygansvær.

Anders Hystad Kyvik spelte på trommekasse og Rut Hannah Helgaland spelte bass.

Foto: Tuva Åserud

Anders Hystad Kyvik song «Tøff i pyjamas» av deLillos.

Kasper Salomonsen var konferansier saman med Vespestad.

– Veit du kva som er det motsette av punk, Kasper?, spurde Vespestad.

– Nei, svarte Salomonsen.

– Melodi Grand Prix, vel!

Foto: Tuva Åserud

Det var introduksjonen til at Flygansvær skulle syngja «Oro jaska beana», som var The Blacksheeps sitt bidrag til Melodi Grand Prix Junior i 2008.

– Eg synest det var så gøy å syngja den, for eg vaks opp med å høyra på den, sa Flygansvær etter konserten.

Foto: Tuva Åserud

Mot slutten av konserten kom det ein songtekst opp på skjermen bak dei, med overskrifta «Me treng programfaga».

Foto: Tuva Åserud

Elevane på tilrettelagd opplæring gjekk av scena til ståande applaus. Publikum var tydeleg nøgde med konserten. Torsdag ettermiddag speler elevane konsert nummer to.