Tradisjonen tru avgjer utval for oppvekst og kultur kven som skal få dei tre årlege prisane i Stord kommune. Følgjande kan venta seg heider på nyåret.

Målprisen: Gamle Fengselet kulturhotell

Det gamle fengselet i Leirvik sentrum er blitt kulturhotell. Få år etter oppstarten kan hotellvertane henta heim pris. I grunngjevinga frå utvalet står det mellom anna:

«Gamle Fengselet kulturhotell er ein viktig kulturberar for lokalsamfunnet på Stord, samstundes som dei når ut til eit breiare publikum. Gjestane på hotellet møter det nynorske skriftspråket både på nettstaden, i sosiale medium, og i heftet dei får utdelt om historia til hotellet. Denne historia er i sin heilskap skriven på nynorsk. Det same gode språket møter dei som besøker arrangement som konsertar, bokpresentasjonar, teater og utstillingar på kulturhotellet. Gamle Fengselet Kulturhotell er tydeleg stolte av røtene sine, og dei fremjar nynorsken ved å syna at han er ein sjølvsagt og naturleg del av dette».

Eldsjelprisen: Neeta Sankholkar

Frå framlegg til kandidaten står det mellom anna:

«Neeta har gjort ein flott innsats for fleire lag og organisasjonar i Stord kommune. I mange år var ho leiar i Internasjonal kulturklubb der integrering og inkludering var det viktigaste målet. For ein del år sidan etablerte ho Stord cricket-klubb for å gje eit tilbod til unge flyktningar og andre. Ho har og gjort ein heiderleg innsats for å læra opp elevar i cricket. All respekt for ei ivrig og dedikert dame. Ho fortener verkeleg ildsjelprisen».

Neeta Sankholkar. Arkivfoto: Marius Knutsen

Kulturprisen: Jens Litlabø og Marta Tveita

I grunngjevinga skriv utvalet mellom anna:

«Tunet på Nordre Tveita består av to hovudbruk og totalt 25 bygningar av stort og smått. Dei eldste bygningane har historie heilt tilbake til 1600-talet. Eit lafta stabbur som er ein del av tunet skriv seg tilbake frå slutten av 1500-talet. Slekta til Marta Tveita har budd i tunet frå om lag 1750.

(...) Til garden kan skuleklassar og barnehagegrupper koma og ta del i ulike aktivitetar og oppleva gardsdrift slik det har blitt gjort av mange generasjonar. Borna får oppleva og utføra ulike oppgåver på garden. Alt frå henting av einer og prosess med røyking av kjøt til stell av dyr».

Astrid Jordåen. Arkivfoto: Marija Krtinic

Kulturstipend: Astrid Jordåen

Jordåen studerer dans ved KHIO, og planlegg å laga ei førestilling saman med danse-elevar frå Stord kulturskule, og søkjer midlar til å få gjennomført dette.

Frå søknaden står det:

«Eg vil allereie no byrja å skapa mine eigne verk. Det er akkurat difor eg søker dette stipendet. Eg har lyst til å setja opp ei førestilling heime på Stord sommaren 2024, der eg både er dansar, og har ansvar for regi og koreografi. Eg vil samarbeida med lokale danseelevar og ynskjer å ha dei med i skapinga av førestillinga. Å få til å setja opp ei slik førestilling hadde betydd mykje for meg. Det kan bli det springbrettet eg trenger for å komma».