Sunnhordland sessions: Påskeaftan er det Jørgen Sandvik som skal spela direktesendt konsert frå lokala til Osvald pub. Foto: Gaute Singstad

Jørgen Sandvik spelar direkte på Sunnhordland.no laurdag kveld

Påskeaftan spelar Jørgen Sandvik konsert som neste artist i serien Sunnhordland sessions.

På søndag var det Goldlog, og aller først ut var Endre Olsen. No er det Jørgen Sandvik (44) som skal spela konsert i dei tomme lokala til Osvald pub. Konserten skal strøymast direkte på Sunnhordland.no og på Sunnhordland si Facebook-side, i samarbeid med DNB, og 44-åringen er klar for oppdraget.

– Eg må nok setja med ned og øva litt, men elles er det ikkje så mykje meir å gjera, humrar gitaristen.

Les også
Goldlog droppa fullt band: – Me vil helst unngå «bandemi»

Sandvik er opphavleg frå Fana, men er busett på Grov saman med sambuaren Ragnhild Kambo Grov. Sandvik var med og starta pop/rockebandet Real Ones i 1994. I 2018 fekk han Spellemannprisen for sitt første bluesalbum, «Permanent Vacation». Sandvik har også turnert og spela inn plater med Sigrid Moldestad og Inger-Lise Størksen, og vore studiomusikar for artistar som DeLillos, Kaizers Orchestra og Odd Nordstoga.

Jørgen Sandvik: Jørgen Sandvik heime i tunet på Grov på Stord. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Blues og folk

Han trur det kan bli ei litt merkeleg oppleving å spela konsert for publikum som ikkje er fysisk til stades. Førebels har han ikkje heilt bestemt seg for kva lyttarane får høyra.

– Men det blir musikk frå dei sjangrane eg held meg til. Mest blues og folk, fortel artisten.

Les også
Endre Olsen-konserten samla inn over 40.000 kroner til Maris

Under konserten med Endre Olsen blei det samla inn pengar til Maris, og Goldlog oppmoda folk til å støtta organisasjonen Dråpen i havet.

– Eg har ikkje landa heilt endå på kven det vert denne gong, seier Sandvik.

Heime: Jørgen Sandvik er husfar under koronakrisa, men det er han van med. Påskeaftan spelar han konsert igjen, då i regi av Sunnhordland sessions. Foto: Privat

Omfattande

I midten av mars skreiv Sunnhordland om korleis den profesjonelle musikaren er mellom dei som merkar koronakrisa på kroppen, med alle jobbar avlyst. Snart éin månad seinare fortel 44-åringen at det går bra etter forholda.

– Situasjonen har jo blitt mykje meir langvarig og omfattande enn eg trudde då. Men det skal sikkert gå fint, det blir spanande å sjå kva tid me kan byrja å spela igjen, seier artisten.

Sandvik er for tida husfar å rekna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er jo for så vidt alltid det som musikar, og er jo van med å vera heime, seier han.

44-åringen har to jenter som går i 1. og 4. klasse.

– No er det påskeferie, så då blir det jobbing i hagen. Elles går det i heimeskule. Det går veldig fint, seier Sandvik.

Les også
Konsertar direkte inn i stova di