STØRSTE KONSERTEN: Hilde Skaar jublar over konsertjobb på by:Larm i slutten av februar. ARKIVFOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Jublar over by:Larm-jobb

Stjerneskotet Hilde Skaar frå Stord står på scenen under by:Larm i Oslo i slutten av februar.

Det skriv Skaar sjølv på sin Instagram-konto.

– «Omg this has been a dream of mine for maaany years and now it`s finally happening, skriv artisten på Instagram.

Ho legg vidare til at dette vil vera den største konserten ho har gjort.

by:Larm er ein norsk musikkonferanse og -festival. Ifølgje Wikipedia er by:Larm rekna som Skandinavias viktigaste arena for nordisk musikk. Arrangementet går over tre dagar og består av seminar, foredrag og paneler på dagtid og konsertar på kveldstid.

Les også
Hilde Skaar skal samarbeida med Donkeyboy