Populær: Skaar er i vinden som aldri før, og no kan 21-åringen frå Stord også bli kåra til Årets nykommar i P3 Gull. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Kan bli årets nykommar

Skaar nominert til gjæv musikkpris.

Den siste laurdagen i november skal landets beste artistar blir hylla under P3 Gull på Marienlyst i Oslo. Her er det også utdeling av prisa, og ei av dei som kan få pris denne kvelden. Ho er nemleg nominert i kategorien «årets nykommar».

Dei andre nominerte er Isak, Girl in red og Emma Steinbakken. Blant tidlegare vinnarar i denne kategorien er blant anna Kygo, Astrid S, Cezinando og Sigrid.

— Herregud, eg har blitt nominert til årets nykommar på P3 Gull! For eit sjukt år! Kva i alle verda er det som skjer? Tusen takk til NRK P3, skreiv Hilde Skaar på sin offisielle instagram-konto rett etter at nominasjonen var gjort kjend.