Silje Vatne Ersland gjestar Stordpodden. Foto: Kjetil Fyllingen

Kattnakken-gründeren er vekas gjest i Stordpodden

Silje Vatne Ersland fortel korleis du kan lukkast som gründer.

Ein ny episode av Stordpodden kom ut i dag, der programleiar og produsent Kjetil Fyllingen har fått besøk av Silje Vatne Ersland i studioet sitt. I episoden fortel Ersland om korleis ho kom inn på sporet om å starta sitt eige klesmerke.

– Det var ikkje den store draumen. Det gjekk ganske mange år, og eigentleg så var det ikkje nokon draum heller då eg til slutt starta. Det var litt sånn «nei søren heller, no gidd eg ikkje jobba for andre, no lagar eg heller mitt eige». Det var slik det byrja, seier Kattnakken-gründeren, som avslører kvifor nettopp «Kattnakken» vart namnet på merket.

Ersland gjev også gode tips til korleis ein kan lukkast som gründer.

– Det viktigaste er å ha 100 prosent fokus på det du driv med. Det er mi erfaring, seier ho.

Du kan høyra episoden her:

Episoden er òg tilgjengeleg i Spotify:

I tillegg finn du Stordpodden i Apple Podcasts her, og elles ei oversikt over andre avspelingsmogelegheiter her.

Les også
Første episode av Stordpodden er ute!

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Redaktør Magne Kydland om podkast-satsinga