annonse

Komikar-lege trekkjer fulle hus på Stord

SUKSESS
SUKSESS: Om dryge to veker står Jonas Bergland på scenen i Stord kulturhus. Og det vert to høve til å sjå komikaren. (Foto: JOHN ANDRESEN / STAND UP NORGE AS)

Pågangen har vore så stor at det vert to rundar med «Dr. Bergland bryter taushetsplikten» i Stord Kulturhus.

Olav Røli

Laurdag 19. oktober står lege og standupkomikar Jonas Bergland på scenen i Stord kulturhus med showet «Dr. Bergland bryter taushetsplikten». Showet har hausta ein rad gode kritikar, og Aftenposten gav det terningkast 6.

Og pågangen har vore så stor på Stord at det vert to framsyningar denne laurdagskvelden, heiter det i ei pressemelding.

Ifølgje nettsida til Stord kulturhus er det berre nokre få plassar igjen på den første førestillinga, og det er allereie seld mange billettar til show nummer to same kveld.

Jonas Bergland er noko så sjeldan som praktiserande lege og komikar, og trefte blink med si første førestilling «Dr. Bergland og den alternative medisin». Og han har no seld over 80.000 billettar til sitt show nummer to.

I showet tek han mellom anna for seg vaksinemotstandarar.

– Eg ynskjer sjølvsagt at publikum skal verta slegen i bakken av kor morosamt det var, men det viktigaste er kanskje at dei sit igjen med ein tanke om at vaksinar er bra, seier Bergland i pressemeldinga.

Mykje av inspirasjonen har han henta frå sitt yrkesliv som lege.

– I førestillinga snakkar meg om alt frå at eg sladra då eg var liten, til historier om pasientar eg har møtt i min legepraksis. Eg tek for meg typiske problemstillingar i helsevesenet. Eg er også veldig ærleg på kven eg er, og er relativt open om mitt eiga privatliv. Eg lettar ganske mykje på sløret i førestillinga, fortel Bergland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut