Om dryge to veker står Jonas Bergland på scenen i Stord kulturhus. Og det vert to høve til å sjå komikaren.
Om dryge to veker står Jonas Bergland på scenen i Stord kulturhus. Og det vert to høve til å sjå komikaren. Foto: JOHN ANDRESEN / STAND UP NORGE AS

Komikar-lege trekkjer fulle hus på Stord

Pågangen har vore så stor at det vert to rundar med «Dr. Bergland bryter taushetsplikten» i Stord Kulturhus.

Laurdag 19. oktober står lege og standupkomikar Jonas Bergland på scenen i Stord kulturhus med showet «Dr. Bergland bryter taushetsplikten». Showet har hausta ein rad gode kritikar, ogAftenposten gav det terningkast 6.

Og pågangen har vore så stor på Stord at det vert to framsyningar denne laurdagskvelden, heiter det i ei pressemelding.

Ifølgje nettsida til Stord kulturhus er det berre nokre få plassar igjen på den første førestillinga, og det er allereie seld mange billettar til show nummer to same kveld.

Jonas Bergland er noko så sjeldan som praktiserande lege og komikar, og trefte blink med si første førestilling «Dr. Bergland og den alternative medisin». Og han har no seld over 80.000 billettar til sitt show nummer to.

I showet tek han mellom anna for seg vaksinemotstandarar.

– Eg ynskjer sjølvsagt at publikum skal verta slegen i bakken av kor morosamt det var, men det viktigaste er kanskje at dei sit igjen med ein tanke om at vaksinar er bra, seier Bergland i pressemeldinga.

Mykje av inspirasjonen har han henta frå sitt yrkesliv som lege.

– I førestillinga snakkar meg om alt frå at eg sladra då eg var liten, til historier om pasientar eg har møtt i min legepraksis. Eg tek for meg typiske problemstillingar i helsevesenet. Eg er også veldig ærleg på kven eg er, og er relativt open om mitt eiga privatliv. Eg lettar ganske mykje på sløret i førestillinga, fortel Bergland.