MED PÅ NY SATSING: Fredag klokka 20.00 lanserer Sunnhordland ein ny digital konsertserie som heiter «Sunnhordland sessions». Første artist er Endre Olsen. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Konsertar direkte inn i stova di

Medan kulturlivet slik me kjenner det er stengt ned – skjer det mykje spennande på nettet.

Ei rekkje konsertar, framsyningar, utstillingar og andre arrangement er avlyst eller utsett på ubestemt tid grunna koronakrisa, som har slått nådelaust ned på alle område i den elles så blomstrande kulturregionen me bur og lever i. Men me har ikkje slutta å konsumera kultur av den grunn. Den siste tida har me sett med glede at mange aktivitetar har flytta seg over på nettet. Innbyggjarar møtest over videochat og fleire arrangement – anten det er konsertar, høgtlesing av bøker eller quiz – blir strøymde over nettet, ofte via Facebook.

– Me må ta vare på dei kriseløysingane som no er komme i form av livestreaming av kulturelle arrangement. Nye forum pressar seg fram, og det er kjekt viss noko av dette består, når me er ferdige med koronaviruset, seier artist og låtskrivar Endre Olsen, som er med på lanseringa av Sunnhordland si nye satsing.

Ny digital satsing er på føtene

Me i mediehuset har valt å kalla det «Sunnhordland sessions», ein digital konsertserie med lokale musikarar. Kommande fredag klokka 20.00 går Endre Olsen på scenen i ein tom Osvald pub i Leirvik sentrum. Rundt seg har han videokamera, og rundt om i heile landet kan folk få kortreist musikk rett inn stova medan fredagstacoen skal fortærast.

Les også
Søstrene inviterte til quizkveld på Facebook - responsen var overveldande

– Ein kan seia mykje om sosiale media, men i det siste har det blitt oversømt av mange meiningsfylte ting. Kvar gong eg opnar opp feeden ser ein litteratur og konsertar, for ein gong skuld er det mykje kjekt i sosiale media, og mykje positivitet, seier Olsen, som understrekar at musikk og kultur aldri stoppar opp.

Uansett virus.

Ingenting stoppar skapargleda

– Det som har skjedd stoppar ikkje folk frå å skapa ting. Men eg tenkjer likevel mykje på dei som alltid har lagt til rette for at me får spreidd kunsten vår, spesielt uteplassar har det tøft no, seier Olsen.

Osvald Pub har den siste tida vore stengt grunna koronakrisa. Sjølve innspelinga til «Sunnhordland sessions» blir difor gjort i trygge omgjevnader med berre teknisk mannskap og artisten til stades.

Den kommande tida vil Sunnhordland annonsera nye lokale artistar som skal få underhalda alle våre lesarar, så følg med.

Konserten blir strøymt frå Sunnhordland si Facebook-side. Denne vil også bli plassert på Sunnhordland.no slik at dei som ikkje er Facebook-brukarar får tilgang til konserten.

Meld deg på konserten på denne Facebook-eventen.