Slik ser JK Arkitekter for seg at oppgraderinga av Sunnhordland Museum kjem til å sjå ut.
Slik ser JK Arkitekter for seg at oppgraderinga av Sunnhordland Museum kjem til å sjå ut. Foto: JK ARKITEKTER/ILLUSTRASJON

Løyver 15,2 mill. kroner til Sunnhordland Museum

Nytt museumsbygg til nærare 60 millionar kroner. Regjeringa løyver 15,2 millionar kroner.

Fredag morgon var det klart at kulturdepartementet har innvilga Sunnhordland Museum sin søknad om midlar på dryge 15 millionar kroner, som vil gje museet betre eigna lokale for formidling, magasin og administrasjon. Prosjektet blir eit spleiselag mellom stat, fylket og vertskommunane. Regjeringa løyver 15,2 millionar kroner i investeringstilskot til det såkalla Nye Sunnhordlandstunet.

– Eg må beint fram fella ei tåre. Dette er heilt fantastisk, og har alt å seia for den vidare framdrifta av prosjektet, strålar dagleg leiar, Linda Øen, ved Sunnhordland Museum. 

Styreleiar Signe Ekeland var også i skyene fredag morgon. 

– To gonger tidlegare har me hatt søknad inne hos departementet, utan å nå opp i prioriteringa. Endeleg blei me høyrde, og at me i tillegg fekk full pott, 15,2 millionar, er jo heilt topp, seier Ekeland - som har vore styreleiar ved museet i åtte år. 

– Det var ambisjonen å fullføra dette prosjektet i løpet av tida mi som styreleiar, så det må me satsa på å få til, seier ho. 

Det var Venstre sin toppolitikar på Stord, Geir Angeltveit, som kom med gladmeldinga og blomar. 

– Eg håpar museet kjem raskt i gang med prosjektet sitt, slik at me snarast mogeleg kan få desse flotte nye utstillingane inn i moderne, verdige bygg der me ikkje risikerer skade på historiske gjenstandar. Me er svært glade for samarbeidet med Linda Øen og Sunnhorland Museum, og for den strålande innsatsen dei legg ned i formidling av vår felles kulturarv. Kulturminister Trine Skei Grande var tydeleg imponert over museet, då me hadde henne på besøk, og me er svært glade for å bli lytta til, både for støtte til Sunnhordland Museum og Moster Amfi, seier Venstre-politikar frå Stord, Geir Angeltveit.

Museet har i årevis slite med fukt og dårlege bygg, som har øydelagt gjenstandar, og som har gjort magasinering svært utfordrande.

Totalprisen for Nye Sunnhordlandstunet blir på i underkant av 60 millionar kroner. Fylkeskommunen er utfordra på å spytta inn totalt 27 millionar kroner, der seks millionar kroner alt er løyvd, medan vertskommunane er venta å gå inn med fire millionar kroner, ved sida av dei 15,2 millionane frå kulturdepartementet.

Det er usikkert kva tid museet kan setja spaden i jorda for prosjektet. Nærare årsskiftet veit dei meir om status for søknaden som ligg til behandling i fylket. 

Les også: Ministerbesøk på museet