– Musikk full av nerve og sjel
Laurdag får Stord Jazzklubb besøk av Kira Martini Kvartett frå København.
– Vokalisten Kira Martini er blitt ei av dei sterkaste stemmene innan tradisjonell jazzmusikk i Danmark. Til Stord kjem ho saman med tre av bandmedlemmene, og dei er alle sterke personlegdomar frå den danske jazzscenen. Bandet vart etablert i 2012 og er eigentleg samansett av sju musikarar, melder Stord Jazzklubb i ei pressemelding.
Kvar av musikarane i kvartetten er med på å setja sitt personlege preg på musikken som er full av nerve og sjel. Saman skaper dei ein spesiell sound, anten det dreier seg om gamle choro-låtar frå Brasil, «oppjazza» rock, eller Bob Dylan tilsett afrikanske rytmar. Kvartetten har eit breitt og variert repertoar innan jazz-, blues- og soulsjangeren og skaper musikk det verkeleg svingar av.
Dei fem platene Kira Martini har gitt ut med orkesteret sitt, har alle fått strålande kritikkar av danske musikkmeldarar.
– Oppfordring frå oss i jazzklubben: Kom og opplev Kira Martini, ei dame med stemmeprakt, sjarme og originalitet, skriv dei i meldinga.
I tillegg til Martini på vokal, har ho med seg Mads Søndergaard (piano, trekkspel), Anders Fjeldstad (bass) og Morten Ærø (trommer).
Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland her!