Blemme: Denne biletteksten høyrer til ei heilt anna sak. Det førte til forvirringar for lesarar av fredagsavisa. Foto: Faksimile

Nei, dette er ikkje Stord kyrkje

Det må ha gått fort i svingane då Sunnhordland skulle gjera klar fredagsavisa.

I saka, som jo eigentleg skulle handla om eit foredrag hos Galleri Borghild, har feil bilettekst dukka opp. I dette tilfellet gjekk det ut over foredragshaldarane Otto Ersland og Jane Jünger.

Som faksimilen i toppen viser står det plutseleg om utmelding av Den norske kyrkja. Til slutt står det til og med at biletet viser Stord kyrkje.

Ein treng ikkje å ha tittel candidatus magisterii eller candidata magisterii for å forstå at dette er feil, noko også flittige lesarar har fått med seg:

Uansett, i dag kjem altså Otto Ersland og Jane Jünger til Galleri Borghild for å snakka om temaet «Søte, salige Sunnhordland – minner og gode smakar frå bedehusland»

– Foredraget er bygd på boka «Søte, salige Sunnhordland – ei bok om bedehus, basar og gode kaker». Redaktør for boka Ersland og forfattar Jünger ønskte å sjå på kva for tradisjonar me har av kaffimat i vår region og enda opp i bedehus og foreiningar. Dei oppdaga at her lever tradisjonen framleis og vert teken godt hand om av driftige damer med store hjarte, står det i ei pressemelding frå galleriet.

Tekst og bilete i boka er av Ingvild Sjo og Astrid Elin Lønning.

Otto Ersland og Jane Jünger har vitja heile sunnhordlandsregionen for å finna fram til ulike kaffimat- og bedehusminne frå vårt eige lokaldistrikt.

Om blunderen til Sunnhordland i fredagsavisa seier Otto Ersland følgjande:

– Rett nok er eg generaldirektør i Hardanger Sunnhordlanske Damskipselskap, men eg er ikkje Stord kyrkje. Dessutan er eg framleis medlem av Den norske kyrkja.

Sjekk ut fleire kulturarrangement i kulturkalenderen for Sunnhordland!