VINNAR: Ena Vallestad Kårbø vart vinnaren av Sunnhordlandslåten i fjor. No er det tid for ny kåring. Foto: Olav Røli

No kan du røysta på favoritt-låten din!

Kåringa av Sunnhordlandslåten 2021 er i gang.

Påmeldinga til Sunnhordlandslåten 2021 er over, og totalt kom det inn 15 bidrag til den tiande utgåva av kåringa. (Høyr songane og stem nede i saka)

Det er Falturiltu og Sunnhordland som står bak konkurransen.

– Det er jamt over høgt nivå i år, og det blir no veldig spanande å sjå kva juryen og lesarane vil lika, seier festivalsjef Roald Kaldestad i Falturiltu.

Tidlegare vinnarar

2012: Runar B. Mæland

2013: Nese Rastafari

2014: Johanne Engevik Haga

2015: Åsmund Nesse

2016: Hotel Sundal

2017: John-Inge Rolfsnes

2018: Brynjar Stautland

2019: Nils Horn

2020: Ena Vallestad Kårbø

2021:?

No, som åra før, er det lesarane til Sunnhordland som skal vera med og stemma fram vinnaren. Det gjer dei saman med juryen, som i år består av artistane Ingjerd Kannelønning Kolstad frå Goldlog, Gaute M. Sortland frå Bergen mandolinband og Sander «Botaii» Hjellvik Askeland, i tillegg til journalist Kjetil Østrem i Mediehuset Sunnhordland.

Det einaste du treng å gjera, er å lytta til dei 15 lydfilene under og gjera deg opp ei meining om kva som er din favoritt. Deretter følgjer du lenkja og kryssar ut din favorittsong i stemmeskjemaet.

I år er premien studiotid hos musikkprodusent Gisle Østrem, kjend frå Storm Weather Shanty Choir. I tillegg får vinnaren framføra songen på årets utgåve av Falturiltu i november.

Høyr gjennom songane her (eller gå inn på denne lenkja):

Gå inn og stem på favoritten din her!