Ny episode: Martha Steinsland Leivestad er gjest i denne vekas episode av Stordpodden. Foto: Kjetil Fyllingen

NRK-Martha om oppveksten, magen og jobben som programleiar

Programleiar Martha Steinsland Leivestad (25) gjestar denne vekas episode av Stordpodden.

I Stordpodden fortel Leivestad, som er oppvaksen på Rommetveit og Fitjar, mellom anna om jobben i Youtube-kanalen «4ETG» for NRK Underholdning og vegen dit.

– Eg har jo berre vore bak kamera, så eg hadde ikkje sett føre meg at eg skulle enda opp framfor, seier programleiaren.

I mars har ho jobba med Nrk 4. etg i to år, saman med Jonas Lihaug Fredriksen.

– Me får lov til å laga så mykje og har stor fridom. Dei stolar på oss, og at me skal laga innhald til 17-åringen. Det føler eg me får til, fordi NRK lèt oss, seier 25-åringen, som også fortel om det kleinaste ho har vore med på i arbeidet med kanalen.

Du kan høyra podkast-episoden her:

Stordabuen byrja tidleg med å laga film. Det starta med at faren fekk eit digitalkamera då ho var 10 år, som ho lånte heile tida.

– Uansett om eg var livredd skrekkfilmar, så var det alltid det eg ville laga. Eg har veldig fine søskenbarn som gjorde alt eg sa, som eg fekk lov å styra rundt. Eg trur dei synest det var moro, flirer 25-åringen.

Les også
Martha får betalt for å tulla på jobben

Då ho studerte ved Westerdals, laga Leivestad ein minidokumentar om sin eigen mage, kalla «Mage-Martha».

– Eg laga film om mitt forhold til min kropp, som har vore veldig turbulent, for å seia det mildt. Eg trur dokumentaren handla om at jo eldre ein blir, jo gladare blir ein i seg sjølv, fortel Leivestad, som seier ho ikkje har noko problem med å dela personlege ting.

Episoden er også å finna i Spotify:

Artikkelen held fram under annonsen.

Podkasten er i tillegg tilgjengeleg i andre avspelingsverktøy, som du finn ein oversikt over her.

Her kan du høyra fleire utgåver av Stordpodden:

Bli betre kjend med (tidlegare) Sykkel & Kaffi-Stein

Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt brenn for flyktningar

SNG-leiar Jan Kåre Pedersen om vegen frå telemontør til bedriftsleiar

Berit Hovstad starta mikrobakeri i kjellaren

Ingvild Hjellestad Johannesen brenn for teaterlaget

Jan Roar Hovland gjev sine beste tips for at born skal oppleva meistring i idrett

Christin Kalve om trening, kosthald og livet med ADHD

Aase Lilleskare Lund om Haiti-turen som vart eit minne for livet

Artikkelen held fram under annonsen.

Magdalena From Delis om dansen og oppveksten

Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland om korleis du kan lukkast som gründer

Ordførar Gaute Straume Epland om då livet tok ei brå vending

Gerda Malene Øen snakkar ut om turlaget og oppveksten på Leirvik

Kristian Harnes satsar på kortreiste møblar

Redaktør Magne Kydland om podkast-satsinga

Les også
No er «Stordpodden» her!