Alte Hansen gjev ut ny musikk på laurdag.
Alte Hansen gjev ut ny musikk på laurdag. Foto: Harald Onarheim

Ny singel frå elektronisk Atle Hansen

Først­kom­man­de laurdag gjev Atle Hansen ut ny sin­gel.

Vi­se­son­gar og for­fat­tar Atle Hansen gjev ut sin­ge­len «Må­nen over Kvinn­he­rad» 1. juni. Lå­ten er pro­du­sert og ar­ran­gert av Ian Kol­stad frå Goldlog, og er den første av fire nye son­gar som dei to har sam­ar­beidd om, heiter det i ei pressemelding.

Kol­stad har plas­sert gi­tar­spe­let og røys­ta til Hansen inn i eit elekt­ro­nisk mil­jø, der det òg er plass til to­nar frå trø­or­gel og en­k­le klok­ke­spel. Pro­du­sen­ten bi­dreg el­les med sli­de­gi­tar på lå­ten.

Les også: Lått, melankoli og nostalgi med Atle Hansen

Elekt­ro­nisk verd

Gjennom kar­ri­e­ren på fem­ti år har Hansen for det mes­te veks­la mel­lom blues, country og akus­tisk vi­se­song. Li­ke­vel har han all­tid vore opp­te­ken av andre stil­ar­tar, noko som til dø­mes vi­ser att i al­bu­met «Mast utan skip» frå 2004, der flei­re av lå­ta­ne er på­ver­ka av trip hop, ein sjan­ger in­nan elekt­ro­nisk mu­sikk som opp­stod tid­leg på 1990-ta­let i Stor­bri­tan­nia.

Hansen har gje­ve pro­du­sen­ten fritt spe­le­rom med dei fire nye son­ga­ne, og han har så­leis teke ste­get heilt inn i det elekt­ro­nis­ke land­ska­pet med Kol­stad sine sam­plin­gar, trom­me­mas­ki­nar og loo­par.

Spe­ler i Toll­ha­gen

«Må­nen over Kvinn­he­rad» er spe­la inn på Stord, medan mik­sing og mas­te­ring er gjort i Nacksving stu­dios i Gö­te­borg.

Sin­ge­len vert sleppt på alle di­gi­ta­le mu­sikk­platt­for­mer. Laur­da­gen veka et­ter sin­gel­slep­pet spe­lar Hansen i Toll­ha­gen, rett ved sidan av Mos­ter Amfi i Mos­ter­hamn. Vi­se­son­ga­ren si før­re mu­sikk­ut­gje­ving var den di­gi­ta­le EP-en «Res­o­na­tor» i 2017.

Les også:Hansen feirar 50 år som artist