INNSPURTEN: Kven fortener å gå til topps i Sunnhordlandslåten 2020? Om kort tid har festivalsjef Roald Kaldestad i Falturiltu svaret. Foto: Harald Onarheim

Obs! Siste frist til å heia fram favorittsongen din

Ein vinnar skal snart kårast. Hugs å stemma!

Alle dei 16 innleverte songane har fått røyster. Nokre få av dei kjempar heilt i toppen. No treng låtskrivarane di hjelp til å gå til topps i den årlege konkurransen Sunnhordlandslåten.

Lytt deg gjennom songane her (eller gå inn på denne lenka):

Her kan du røysta på favorittsongen din!

Lesarane sine røyster tel 50 prosent i konkurransen. Den andre halvdelen avgjer juryen, som i år er artistane Harald «Milos» Eskeland, Ragnhild Kambo Grov og journalist Ingvild Siglen Berger frå Sunnhordland.

Årets premie er studiotid i ABC Studio i Etne til ein verdi av 14.000 kroner, støtta av Sparebanken Vest. I tillegg får vinnaren framføra songen sin på årets Falturiltu.

Tidlegare vinnarar

2012: Runar B. Mæland

2013: Nese Rastafari

2014: Johanne Engevik Haga

2015: Åsmund Nesse

2016: Hotel Sundal

2017: John-Inge Rolfsnes

2018: Brynjar Stautland

2019: Nils Horn

2020: ?