Kolerakyrkjegarden på Fitjar: Slik såg det ut i juli etter at kolerakyrkjegarden hadde vorte rydja for geitrams og buskas. Foto: Ingvild Siglen Berger

Opnar kolerakyrkjegard

Det blir offisiell opning av Kolerakyrkjegarden på Fitjar torsdag ettermiddag.

– Ordførar Harald Rydland står for den offisielle opninga, sokneprest Roald Drønen held minnetale og velsigning av kyrkjegarden. Magnar Kloster fortel historia om då koleraen kom til Sunnhordland og Fitjar, melder Bente Bjelland ved Fitjar kulturkontor i ei pressemelding.

På kolerakyrkjegarden ligg det gravlagd 22 personar i alderen 2-85 år som døydde av kolera i 1849. No er kyrkjegarden endeleg klar til å verta presentert som det viktige kulturminnet den er.

Les også
Rydda kolerakyrkjegarden

Det er kulturkontoret som har koordinert arbeidet med rydding og skilting av kolerakyrkjegarden. Toralv Røen og ungdomsteamet til Nav, «Laget», har jobba i ein lengre periode med å laga tursti frå leikeplassen og rydda kyrkjegarden. Sogelaget har laga tekst til infotavla og alle skilta er frå ein lokal leverandør.

– I haustferien var det også fleire ungdommar på dugnad og gjorde ein kjempeinnsats, melder Bjelland.

Kolerakyrkjegard: Toralf Røen har jobba mykje dugnad i samband med prosjektet. Foto: privat