Korprosjekt: Totalt 32 songarar frå fleire ulike kor på øya er med på prosjektet, som du kan sjå resultatet av i dag. Foto: Skjermdump

Over 30 lokale røyster framfører Stord sin eigen «nasjonalsong»

Ingjerd Kannelønning Kolstad (40) har samla 32 songarar for eit heilt spesielt prosjekt i høve nasjonaldagen.

Det digitale korprosjektet kom i stand etter ein idé frå songaren sjølv.

– Det byrja å svirra ein idé i hovudet mitt, etter mange timar på heimekontor. Eg har fått med meg mange alternative måtar å løysa dette med kulturliv på, og sett at det er veldig ulikt korleis forskjellige kor har løyst situasjonen. Nokon har hatt øvingar på nettet, andre har lege heilt brakk, fortel Kannelønning Kolstad.

Les også
Send inn bilete frå årets spesielle 17. mai-feiring

Utgangspunktet for prosjektet er også at ho er svært glad i songen.

– «Herlege Stordøy» er ein stor del av det eg tenkjer skal vera med på 17. mai. Eg kjente at me berre måtte ha «Herlege Stordøy» som korversjon på 17. mai, og få det til på Stord. Det vil vera ein ting som berre kan vera vårt, Stord sitt og Sunnhordland sitt, seier songaren.

Desse er med og syng

SOPRAN

Ida R. Langeland, Ungdomskoret, kulturskulen

Liv Kari Bru, Stordkoret

Ann Nyhammer, Stordkoret

Johanne E. Haga, Damekoret Corona

Øydis Grov, Damekoret Corona

Sissel Johnsen, Songlaget Stordabuen

Anne Karin Nilsen,Songlaget Stordabuen

Jane Jünger, Nordb.17.maik., Corona, Con Spirito

Britt Kristin Balchen, mMokkat og Stord Con Spirito

ALT

Hannah H. Resser, Ungdomskoret + musikklina

Margareth Raaen, Stordkoret

Herborg Tegle, Stordkoret & mMokkat

Reidun Aas, Damekoret Corona

Marit Skeie, Damekoret Corona

Gerda Øen, Songlaget Stordabuen

Marita Huse, Songlaget Stordabuen

Gunnhild Aa. Rolfsnes, Nordbygdo 17.mai-kor

Ragnhild Kambo Grov, Nordbygdo 17.mai-kor, Klangboltane

TENOR

Arne Aadland, Stordkoret

Odd Edvardsen, Stordkoret

Svein Harald Grov, Songlaget Stordabuen + Nb17.mk

Olav Bauge, Songlaget Stordabuen

Otto Holm, Leirvik Mannskor

Endre Olsen, Nordbygdo 17.mai-kor, Klangboltane

Dag Sele, Bedehuskoret Ichtus

BASS

Torger Tvedten, Stordkoret

Dag Erik Eikeland, Stordkoret

Helge Heiberg Andersen, Songlaget Stordabuen + Nb17.mk

Knut Vika, Songlaget Stordabuen

Oddvard Rommetveit, Leirvik Mannskor + Nb17.mk

Ørjan Berg, Leirvik Mannskor + musikklinja

Bjarte Aadland, Nysæter kyrkjekor Sanctus

Representerer kormiljøet

Med bruk av eige nettverk fekk ho samla 32 songarar frå 17 år og oppover, med erfaring frå fleire hald som Stordkoret, damekoret Corona, Songlaget Stordabuen, Ungdomskoret i kulturskulen, mMokkat, Stord con Spirito, Nordbygdo 17. mai-kor, Leirvik Mannskor, koret Ichtus, Klangboltane og Nysæter kyrkjekoret sitt Sanctus.

Les også
Lang rekke med 17. mai-traktorar

– Det hender eg har fikse idear som renn ut i sanden, men eg er veldig glad for at eg sette dette i gang. Eg tenkte først eg kunne samla vener og så vidare, men landa på at eg ville ha det litt meir offisielt og at prosjektet kunne representera kormiljøet på Stord, fortel Kannelønning Kolstad.

Dirigerer: Ingjerd Kannelønning Kolstad står i spissen for prosjektet. Ho er svært glad i «Herlege Stordøy». Foto: Privat

18 kvinner er med, fordelt på sopran- og altstemmer, og 14 menn på tenor og bass, medan Kannelønning Kolstad dirigerer. Ho har fått god hjelp av dirigentane i dei ulike kora til å plukka ut dei medverkande.

Les også
Stemte i med heile landet

– Eg måtte setja eit tak på kor mange det var mogeleg å ha med på grunn av tidsramma og tekniske mogelegheiter. Så har eg samarbeida med dirigentane, ringt rundt, sendt e-postar. Alle har vore så positive, og eg har fått veldig mange kjekke tilbakemeldingar, seier ho.

Fekk det til

Kolstad Kannelønning har sjølv sunge med Nordbygdo 17. mai-kor, og har vald å bruka notane som har vore mest brukt til songen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har laga øvingsfiler og backingtrack slik at alle kunne øva på stemmene sine, og sendt ut e-post med tydelege instruksar. Alle har fått det til, fortel ho oppglødd.

Dei medverkande koristane har filma seg sjølv heime medan dei syng si stemme.

– Så set me det saman. Eg gler meg veldig til å sjå resultatet. Ian Kolstad miksar lyden, medan Petter Misje lagar film. Det er heilt utruleg korleis så mange ulike stemmetypar, klangar og kvalitet på videoar vert når ein set det saman. Det er så flott, seier Kannelønning Kolstad.

Les også
Sjå sending frå Kaisvingen her

Petter Misje har produsert videoen og Ian Kolstad har produsert lyden. Songprosjektet er eit samarbeid med Mediehuset Sunnhordland.

Du kan sjå videoen i toppen av saka!

Herlege Stordøy, herlege Stordøy!

Fager og fin millom fjordane blå

stig du av havet, bjart som ei solmøy,

toppar og tindar mot skyene nå.

Skogen den susar songen so lint:

«Å her er utifrå fagert og fint».