Bjørn Tomren (gul jakke), her ifølgje med produsent Damon Whittermore og forfattar av boka Oselvaren, Kjell Magnus Økland.
Bjørn Tomren (gul jakke), her ifølgje med produsent Damon Whittermore og forfattar av boka Oselvaren, Kjell Magnus Økland. Foto: ANITA HAUGLAND

Polkabjørn ror Norge på langs

Han starta turen frå Honningsvåg i juni. Tysdag var han innom Stord, med både musikkprodusent og forfattar om bord.

Bjørn Tomren, kanskje best kjent som jodlar og strupesongar i duoen Polkabjørn & Kleine Heine, har tidlegare gjennomført tre Norge-på-langs-turar. Både til fots, i kajakk og på ski. Denne gongen ror han langs kysten i ein Oselvar, ein trebåt med lange tradisjonar frå Hordaland.

 

 

 

 

Bjørn Tomren (gul jakke), her ifølgje med produsent Damon Whittermore og forfattar av boka Oselvaren, Kjell Magnus Økland.
Bjørn Tomren (gul jakke), her ifølgje med produsent Damon Whittermore og forfattar av boka Oselvaren, Kjell Magnus Økland. Foto: ANITA HAUGLAND

– Korleis er det å ro Norge på langs, samanlikna med det å gå Norge på langs?

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

 

 

– Du møter mykje meir folk når du ror. Norge har jo ein veldig aktiv kyst. Eg padla langs kysten i Finland ein gong, og der møtte eg kanskje berre éin person om dagen, seier Tomren.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

 

Etter planen hadde han tenkt å nå Lindesnes i starten av september, men turen har teke noko lenger tur enn forventa.

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.

 

 

– Eg prøver å unngå å ro når det er dårleg vêr. Viss det er store dønningar går det fint, men dersom det bles er det verre. Men det kjem an på kva vindretninga, seier Tomren.

 

 

 

LES MEIR:Jodling og galskap i Viseklubben

 

 

 

 

Besøk om bord

Turen har han lagt ut på åleine, men då han kom til båthamna på Rommetveit hadde han med seg to personar om bord.

 

 

 

 

– Eg skal jobba litt med produsenten min i Bergen, og han hadde lyst å bli med å ro eit stykke. I tillegg hadde eg og Kjell Magnus planlagt å ro saman frå Os til Stord, fortel Tomren.

 

 

 

 

For det meste har han teke innkvarteringa om natta under open himmel, med sovepose og underlag, men han har også treft mange gjestfrie folk som han har budd hos.

 

 

 

 

– Når reknar du med å vera i mål?

 

 

 

 

– Det veit eg ikkje, eg får berre ro og sjå, seier Tomren.

 

 

 

 

Bokplanar

Kjell Magnus Økland er i ferd med å skriva bok om nettopp Oselvarar. Namnet sitt har han frå Økland på Tysnes.

 

 

 

 

– For meg er jo dette ei form for praktisk research. I dag har eg faktisk funne ut at eg skal endra ein setning eller to om styreåra. Det er jo ein nyttig effekt av denne turen, seier Økland.

 

 

 

 

Han fortel at han har ein del historier frå farvatnet her, som han har delt med dei to andre om bord på turen.

 

 

 

 

– Det er artig å ro rundt i eige manus, seier Økland.

Den 5. juni starta Bjørn Tomren å ro frå Honningsvåg. Eigentleg skulle turen starta på Nordkapp, men vêret sette ein stoppar for planane. Det tek nokre ekstra timar å ro rundt Nordkapp.

Han har rodd heile vegen langs norskekysten, og på tysdag var han innom Stord. Lindesnes er det endelege målet for turen.

Bjørn Tomren er fødd i 1981, og reiser verda rundt med jodling og strupesong.

Han er kjent frå duoen Polkabjørn & Kleine Heine og dokumentaren «Kunsten å jodle». Han spelar òg i strupesangtrioen Huurd Altan Hangai Tu, americanabandet The Thomas Quickstep Experience, salmesangtrioen Samantha Foxtrot (med Hallvar Djupvik og Reza Aghamir), elektronika duoen FIK med Sandra Kolstad, punkbandet Tomra Konfeksjon, og i visesangtrioen Kniven på strupen i lag med Ole Paus og Heine Bugge.

Kjelde: http://bjornpaalangs.no/