Seier nei til museumsbidrag
I eit brev til Sunnhordland museum, som har søkt Fitjar kommune om 490.000 kroner til finansiering av «Nye Sunnhordlandstunet», går det fram at kommunen ikkje har høve til å bidra med midlar.
Det blei klart etter at budsjettet og økonomiplanen blei vedteke av kommunestyret i desember, då formuleringa frå rådmannen om å prioritera Årskog museum blei ståande. Årskog museum har eit vesentleg vedlikehaldsbehov, som det ikkje har vore finansiering til i kommunebudsjettet.
«Rådmannen har ikkje funne rom til langsiktige løysingar på vedlikehaldsbehovet ved Årskog museum, men vil foreslå nokre kortsiktige tiltak i 2020. Rådmannen foreslår at Fitjar kommune må prioritera Årskog museum framfor tilskot til nytt bygg/vedlikehald på Sunnhordland museum. Rådmannen foreslår å ikkje imøtekomma søknaden frå Stiftinga Sunnhordland Museum», heiter det.
Finansieringa av «Nye Sunnhordlandstunet» er eit økonomisk spleiselag på ca. 60 millionar kroner, der Kulturdepartementet, Vestland fylkeskommune, kommunane i Sunnhordland og private er invitert med.