Andre søndag i februar er morsdag i Norge. Send ei helsing i lenka under. Illustrasjon: Colourbox

Send ei helsing til mammo her

Det er på tide å gjera ekstra stas på mødrene.

Den andre søndagen i februar er sett av til å heidra mødrer, noko som betyr at førstkommande søndag er morsdag. Her kan du senda inn di helsing til mor.

Ifølgje Store norske leksikon (SNL) blei den første norske morsdagen feira i ei metodistkyrkje i Bergen 9. februar 1919. Eit skikkeleg gjennomslag for feiring av ein morsdag blei det først etter initiativ frå Dorothea Margrethe Schjoldager (1853-1938) og Karen Platou (1879-1950) i Oslo.

Dei jobba for å få ein morsdag i Norge lagt til andre søndag i februar, sannsynlegvis fordi me i Norge allereie har mange fest- og fridagar i mai. Ifølgje SNL samarbeida dei med ideelle organisasjonar, massemedia og næringslivet.

Gå inn her for å sjå di og andre sine helsingar!