Sina Amalie Hauge frå Stord får draumestipend på 15.000 kroner.
Sina Amalie Hauge frå Stord får draumestipend på 15.000 kroner. Foto: Egil Blomsø

Sina Amalie (15) frå Stord er vinnar av Drømmestipendet

Stordabuen elskar å spela klarinett. Draumen er å ta musikkutdanning.

I vinter skreiv Sunnhordland atfire unge stordabuar var nominert til Drømmestipendet, som består av hundre stipend på 15.000 kroner. Stipendet vert delt ut av Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping til ungdom mellom 10-20 år.

Sina Amalie Hauge i Stord kulturskule, som også spelar i fleire korps, gjekk heilt til topps og får stipend. Ho har spelt klarinett sidan ho var ni år ung.

«Eg elskar å spela. Frå den første øvinga, då alt verkar umogleg, til det blir framført på konsert, og eg får ei fantastisk mestringskjensle. Spelegleda er der uansett», har klarinettspelaren skrive om seg sjølv.

15-åringen har store draumar om vegen vidare.

«I vår skal eg søkja på musikklinja ved Stord vgs. Etter det ønskjer eg å spela i garden, ettersom det ser veldig kjekt ut. Så vil eg prøva å ta ei utdanning innan musikk, og studera klarinett. Om eg helst vil bli spelelærar, profesjonell musikar i korps eller orkester, eller kanskje solist, har eg ikkje bestemt meg for. Men å spela Mozart sin klarinettkonsert med eit profesjonelt orkester, er nok den aller største draumen eg har, ettersom orkestermusikk er det finaste eg veit, og klarinettkonserten til Mozart er eitt av dei finaste stykka som er komponerte for klarinett», skriv ho..

Sina Amalie Hauge vil få utdelt stipendet på Dei unges festspelframsyning, som vert arrangert i Stord kulturhus laurdag 26. mai.

Her kan du lesa heilepresentasjonen av stordabuen.