Artistlepp: Tysnesfest røper fleire artistar som kjem til festivalen i sommar. Foto: Tysnesfest

Sirkus Lemaitre klare for Tysnesfest

Tek med seg ei rekke artistar og eit show utanom det vanlege.

I 2020 tek Lemaitre for første gong med seg sitt omreisande «elektriske sirkus» ut på vegen i Norge for å levera det største showet dei har gjort her til lands nokosinne.

– Sirkusvognene er fylt med nokre av generasjonen sine mest spanande artistar, ein komikar som sirkusdirektør, eit liveband så stort at dei treng eigen buss, og bøtter med overraskingar, skriv Tysnesfest i ei pressemelding.

Les også
Han er klar for Tysnesfest

Den norske duoen Lemaitre har base i Los Angeles og har erobra scenar som Coachella og Lollapalooza. No står Norge for tur. Med seg på sirkuset har dei artistane Emir, Anna of the North og Isah.

– For at det ikkje skal vera noko tvil om at dette ikkje berre er ein vanleg konsert, vil sirkuset bli sparka i gang med standup frå Norges mest spanande up-and-coming komikar og sirkusdirektør Josef Jonis. Han vil og opptre vidare mellom artistane slik at det aldri blir eit kjedeleg augneblink. Gitarist og P3-profil Markus Neby vil leia eit band beståande av nokre av dei beste livemusikarane her til lands, og komplettert med full blåserekkje vil dei sørgja for eit trykk du garantert kjenner når du vaknar dagen etterpå, lovar arrangørane.

Les også
Diskolegendar til Tysnesfest
Tysnesfest: Elektronikaduoen Lemaitre er klar for å laga show på Tysnes. Foto: Pressefoto