Sjå SKAAR syngja Sondre Justad-cover på P3 Live
Denne veka vitja Hilde Skaar P3 Live, der ho gjorde sin versjon av Sondre Justad-songen «Ikke som de andre».
Live på radio framførte Skaar også debutsingelen «Higher Ground». Med seg i studio hadde ho Benjamin Dan Ravn Fahre og bømlingen Morten Engebretsen Stokke.
– Eg og Morten har spelt i band saman før, så det kjennest veldig trygt og godt, fortel Skaar.
Ho går no under artistnamnet SKAAR, og har også tidlegare spelt live på P3.
– Det var veldig kjekt å få komma tilbake, spesielt sidan det endeleg berre er meg og min musikk som vert gjeven ut. Det er veldig kjekt å få anerkjenning for det, og det var ei fantastisk fin oppleving i studio. Dei er så greie, seier Skaar.
Utselde konsertar
Valet av coverlåt var ikkje tilfeldig.
– Eg synest den er veldig fin. Også var det kjekt å få gjer noko på dialekt igjen, det var så moro sist, fortel Skaar.
I tillegg skal ho varma opp for Sondre Justad 24. november og 1. desember på Sentrum Scene i Oslo, når han speler dei to siste konsertane på turneen sin.
– Så det var ein liten link til det også. Konsertane er heilt utseld, så det vert skikkeleg bra, seier Skaar.
Ny musikk på nyåret
Det var i slutten av september atSKAAR gav ut debutsingelen sin, i samband med den nye, norske spelefilmen «Battle». Singelen er gjort i samarbeid med den svenske duoen MadFun.
På berre nokre veker hadde straumetenesta Spotify registrert over ein halv million strøymingar av songen.
– Det er berre heilt fantastisk. Veldig kjekt, sa Hilde Skaar til Sunnhordland då.
Skaar flytta til Oslo i fjor for å satsa på musikkarrieren sin, og har platekontrakt med Warner Music. Det er framleis litt hemmeleg kva ho arbeider med av prosjekt for tida.
– Men eg jobbar i alle fall med masse ny musikk, det kan eg seia. Så det er berre å gleda seg til nyåret, då kjem det litt nytt, fortel ho.
Les også: Drøymer om å leva av musikken