Tysnesfest: Årets Tysnesfest har det beste førehandssalet nokosinne, og no byrjar artistlista også å likna det beste nokosinne, Foto: Tysnesfest

Sjekk kven som kjem til Tysnesfest

Har booka amerikansk superstjerne.

– Den amerikanske verdsstjerna Jason Derulo kjem til Norge og Tysnes for å spela ein av svært få konsertar i Europa. Laurdagen er allereie full av godbitar, men dette er nok toppen av kransekaka for mange. Dette blir ein heidundrande fin kveld som det er all grunn til å sjå fram til, skriv Tysnesfest i ei pressemelding søndag.

Førre tiår gav stor suksess til den amerikanske superstjerna Jason Derulo, som starta sin solokarriere i 2009. Han er no ein av dei mest populære artistane i verda, med monsterhits som Swalla [feat. Nicki Minaj & Ty Dolla $ign], Goodbye, Whatcha say, Want to want me, Trumpets og Talk Dirty [feat. 2 Chainz]. Hans fyrste singel Whatcha Say blei den mest spreidde radiosingelen i amerikansk historie. Hitmakaren sleppte fortløpande Riding Solo, In My Head, Wiggle [feat. Snoop Dogg] og Want to Want Me som alle nådde topp 5 på Billboardlistene.

Superstjerne: Jason Deluro kjem til sommarens Tysnesfest. Foto: Pressefoto

Jason Derulo starta sin musikalske karriere som låtskrivar for Lil Wayne, Pitbull, Diddy med fleire, og har sidan han byrja å gje ut eigne låtar selt meir enn 50 millionar singlar, og har fleire milliardar avspelingar og streams digitalt.

– Me er enormt stolte av at Jason vel å ta turen til Tysnesfest i sommar. Tysnesfest 2020 har allereie den feitaste plakaten me nokosinne har hatt, og så kjem Jason inn frå sidelinja og verkeleg set krona på verket. Det er ingen tvil om at årets festival vil bli ein fest utan sidestykke. Stemninga stod i taket på kontoret den dagen me fekk bekrefta Derulo, skriv dagleg leiar Øystein Vaage.

Les også
Sirkus Lemaitre klare for Tysnesfest

Ifølgje festivalsjefen er dette ei verdsstjerne som er van med å spela på langt større festivalar, og det å få til ein konsert av slikt kaliber krev mykje planlegging og organisering. Ikkje minst krev det mykje av det lokale crewet på produksjonsdagen.

– Artistar som Derulo vurderer ofte kva me har levert av produksjonar tidlegare. Heldigvis har me eit svært godt og erfarent crew både i backstage, lyd/lys og på sikkerheit, som har hausta gode ord frå både norske og internasjonale artistar gjennom mange år. Ikkje minst den enorme produksjonen me gjennomførte då The Prodigy gjesta oss i 2018 har blitt lagt merke til i bransjen, skriv Vaage.

Jason Derulo går på scenen på Gjerstad Arena laurdag 11. juli.

Les også
Han er klar for Tysnesfest