annonse

Skaar slår følgje med Bjørn Eidsvåg

KJEM TIL SAGVÅG
KJEM TIL SAGVÅG: Hilde Skaar kjem til Fest i Vest i sommar. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Skal ha konsert på Fest i Vest.

Henrik Mundal Andreassen

Fest i Vest melder at artisten Skaar kjem til Fest i Vest for å halda konsert fredag 28. juni.

– At me får ei lokal jente på scenen betyr utruleg mykje for oss, me var så hedige at me fekk oppleva ein fantastisk opptreden på årets 100 dagar, og gler oss veldig mykje til ho kjem til oss i Sagvåg, seier festivalleiar Britt Heidi Værøy.

Stordabuen Hilde Skaar har vore i vinden dei siste åra med musikken sin. Sist i mars reiste ho til Chile med kongeparet, og i april song ho ei låt frå hit TV-serien «Game of Thrones» saman med NRK sitt kringkastingsorkester (KORK). Til Fest i Vest kjem mellom anna også Bjørn Eidsvåg.

Les også: Bjørn Eidsvåg til Fest i vest

Storm Weather Shanty Choir og Kriminell Kunst til årets Fest i Vest som varar frå fredag 28.- til søndag 30. juni.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut