Pengedryss: Vestland fylkeskommune deler ut millionar til kultur og idrett. Foto: Anbjørn Holme

Skal fordela 18 millionar til kultur og idrett

Vestland fylkeskommune har sett av 18 millionar for å kunna støtta lag som arbeider med kultur og idrett. No treng dei innspel til fordelinga.

I ei pressemelding skriv Amatørkulturrådet i Sunnhordland at fylkeskommunen har bede dei om å ta imot innspel.

– Desse midlane skal fordelast alt i september. Difor er det viktig at innspel til fordelinga kjem inn så fort som råd, fortel Jan Spjeldnæs, styreleiar i amatørkulturrådet, i pressemeldinga.

Les også
Hagerupshuset og hest får koronamidlar

Midlane skal brukast til å retta opp ulike problem som korona-krisa har skapt for kulturlivet.

– På denne bakgrunnen er paraplyorganisasjonar for det frivillige kulturlivet oppmoda om å gje melding om dei ekstrakostnader korona-krisa har skapt, seier Spjeldnæs.

Les også
Dette går Fitjar sine korona-midlar til