Håkon Karoliussen blir med i stykket «I slike ein natt» som mostringen Åsmund.
Håkon Karoliussen blir med i stykket «I slike ein natt» som mostringen Åsmund. Foto: Pressefoto / Henrik Mundal Andreassen

Skal spela mostringen Åsmund

Håkon Karoliussen igjen til Moster Amfi.

Det er gledeleg for oss å melde at Håkon Karoliussen kjem tilbake til oss til «I slik ei natt», denne gongen i rolla som mostringen Åsmund.

I 2017 gjorde han rolla Rane. Håkon Karoliussen ser fram til ein ny periode i Moster Amfi.

– Eg gler meg til spelet fordi det er eit utruleg givande og historisk viktig spel. Det har djupe røter i alle dei eldsjelene som i så mange år har laget ein tradisjon med mykje varme og fellesskap. Å bli innlemma i denne familien kjennest rett og slett som å komma heim, seier Karoliussen, som er frå Haugesund og utdanna ved Bergen Teaterskule.

Les også: «Heimebane»-stjerna returnerer til Moster Amfi

Han har jobba ved mellom anna Nordland Teater, Rogaland Teater, Trøndelag Teater, Riksteateret, Den Nationale Scene, og vore engasjert i fleire produksjonar med Scenekraft.

Ved Haugesund Teater var han sist å sjå som Tingeling i «Peter Pan», «Sånne som oss» og som Baloo i «Jungelboken».

I 2004 var han med i Bømlo Teater sin produksjon av «Les Misérables», og det var då han vart alvorleg forelska i Bømlo. Han er også aktuell som politimann i filmen «Tunellen», som har premiere til jul.

Sigurd Sele: – Gler meg stort til å stå på amfiscenen igjen