17. mai: I Fitjar skal alt opplegg rundt feiringa av nasjonaldagen strøymast direkte på Youtube. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Skipar til MC-tog, veteranbilkortesje og opplegg på Tindaslottet

Programmet for 17. mai-feiringa på Fitjar har fått fleire punkt.

Sunnhordland har tidlegare skrive om korleis feiringa av nasjonaldagen vert i Fitjar kommune. Som i resten av landet vert det alternativ feiring i lys av koronapandemien, og det vert ikkje høve for publikum å møta opp på dei ulike tilskipingane. Dei skal heller strøymast direkte på YouTube i regi av Fitjar Ungdomsråd, og programmet ser slik ut:

Kl. 08.00 Flaggheising ved rådhuset, skulekorpset spelar.

Kl. 10.30 Skulekorpset spelar ved Havnahuset og FBB.

Kl. 11.00 Gudsteneste frå Fitjar kyrkje.

Kl. 11.30. Kransepålegging for dei falne frå 2. verdskrig v/ordførar Harald Rydland og Anna Sandvik Bø. Tale for dagen ved rådmann Olaug Haugen. Skulekorpset spelar.

Kl. 13.00 Heile landet syng nasjonalsongen i lag.

No er det i tillegg klart at det vert skipa til eit MC-tog som etter planen skal gå kl. 10, og det vert veteranbilkortesje frå Leirvik kl. 14.30 som går innom Fitjar.

– Der skal representantar frå ungdomsrådet vera med og strøyma på veg rundt øya, fortel kultursjef Bente Bjelland.

MC-tog: Køyreruta for dei som vil vera med og feira 17. mai på to hjul. Foto: Illustrasjon

Ho opplyser vidare at John Karsten Raunholm skal på tur til Tindaslottet med ein gjeng musikantar.

– Dei skal vera der til kl. 13 og syngja nasjonalsongen i lag med resten av landet. Elles skal Raunholm halda ein prolog som Else Hovland haldt på 80-talet. Tiltaket er ikkje ope for publikum, så også dette skal strøymast direkte på YouTube slik at alle kan sjå. Men heile opplegget er veldig vêravhengig, understrekar Bjelland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kranspålegginga kl. 11.30 og dei påfølgande talane, skal kulturprisen for 2019 offisielt delast ut til vinnar Ingolv Rimmereid.

– Det vert også appellar frå ungdommen, fortel kultursjefen.

Les også
– Ingolv er sanneleg ein flott representant for bygda vår