Kakefest: Yrande folkeliv i Borggata då Sunnhordland feira 90-årsjubileum i 1992. Foto: Skjermdump frå video

Slik var den aller første kakefesten

Då Sunnhordland fylte 90 år i mai 1992 starta det som etter kvart skulle bli ein lang kaketradisjon.

Planen var å arrangera éin kakefest i året fram til Sunnhordland fylte hundre år i 2002. Men tradisjonen lever framleis.

Måtte avlysa

– Det blei så populært at på hundreårsdagen hadde det vel aldri vore samla så mykje folk ein laurdagskveld i sentrum. Då bestemte me oss for å halda fram kakefesten, seier Jens Hystad, medeigar og tidlegare disponent i Bladet Sunnhordland AS.

Han hadde planar om å dela ut 1.200 kakestykke utanfor bladstova i Borggata også i år, men så slo koronaepidemien inn for fullt og landet gjekk inn i «lock-down». Hystad lovar nye kaker til neste vår.

Folkefest i sentrum

Tor Resser har festa den aller første kakefesten til film, som du kan sjå lengre nede i saka. Både klesstil og frisyrar avslører at me så vidt har lagt 80-åra bak oss på denne tida. Sunnhordland-lesarane kunne nyta fargerik marsipankake til musikk frå populære Chiclets.

Følgjer ein godt med kan ein òg sjå ein og annan fotballspelar som signerer autografar.

Signerte: Jørgen Belt og resten av Stord-stjernene fekk det travelt med å skriva autografar på kakefesten. Foto: Skjermdump frå video

Her kan du sjå klipp frå den aller første kakefesten. (Video: Tor Resser)

Talk-show

Sidan det ikkje blei kakefest i år, har Sunnhordland snudd seg rundt og sydd saman eit underhaldningsprogram. Det kan du nyta her.