Podkast for Sunnhordland: Kjetil Fyllingen (til h.) lagar podkast for Sunnhordland. Her med gründer Kristian Notland Harnes som står bak Nuen-møblane frå Huglo. Foto: Henrik Mundal Andreassen

No er «Stordpodden» her!

Torsdag kjem første utgåve av den heilt nye «Stordpodden», men alt i dag får du ein smakebit.

No er nemleg ein «minipodd» på lufta, der programleiar Kjetil Fyllingen pratar om Stordpodden med ansvarleg redaktør Magne Kydland. Du kan høyra podcasten her:

Det er også mogeleg å høyra og abonnera på «Stordpodden» på Spotify, ved å søkja på «Stord-Podden».

Podkasten er i tillegg tilgjengeleg i andre avspelingsverktøy, som du finn ein oversikt over her.

– Sunnhordland har som klart mål å nå ut i alle kanalar. Dei siste åra har me etablert oss som éi av dei aller, aller beste lokalavisene i landet digitalt, noko me har fått fleire prisar for. Me har òg markert oss med fleire større videosatsingar, og me ser ein stor auke i digital bruk av våre etter kvart mange ulike medieprodukt, seier Kydland

Han fortel at Sunnhordland har hatt podkast på teiknebrettet dei siste åra.

– Og når no Kjetil Fyllingen tok kontakt så følte me tida var inne til å ta i bruk eit format me trur vil prega mediekvardagen til folk i aukande grad dei kommande åra. I tillegg har me sans for ideen hans om å snakka opp lokalsamfunnet, identiteten vår, gjennom å trekkja fram personar som utmerkar seg på ulike område i samfunnslivet rundt oss. Me heiar på Sunnhordland og folka som bur her, seier Kydland.

Les også
Desse prisvinnande møblane er «made in Huglo»

I den første offisielle Stordpodden-epis som kjem torsdag, tek programleiar Kjetil Fyllingen ein nærare prat med Kristian Harnes, ein av dei som står bak kortreist møbelproduksjon på Huglo i selskapet Nuen. Han presenterte nyleg sine første møblar, som fekk prisen for beste utstilling på den årlege designmessa i Grieghallen i slutten av oktober.

Harnes, og kona Lene Notland, som kjem frå Huglo, sa opp faste og trygge jobbar i hovudstaden for å flytta heim til kvalitetsliv på Vestlandet.