DELFINALE: Stig Espen Hundsnes (i midten) frå Sveio spelar trompet i den internasjonalt anerkjende blåserekkja Blåsemafian, med Sigurd Evensen (27) frå Oslo på trombone og Jørgen Lund Karlsen (27) frå Fredrikstad på saksofon. No ventar finale. Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Stig Espen (32) kom vidare til finalen

Fekk flest stemmer og får visa seg i den nasjonale finalen.

Blåsemafian feat. Hazel, med Stig Espen Hundsnes (32) frå Sveio, kom vidare til finalen i Melodi Grand Prix 2021, med låten «Let Loose». Finalen går av stabelen laurdag 20. februar.

Dei som deltok i den første av fem delfinalar i helga, var Stina Talling, Jorn, Blåsemafian feat. Hazel og Beady Belle.

Les også
Far til Stig Espen (32) skreiv Grand Prix-vinnaren i 1975. På laurdag får han sjølv sjansen til å imponera i songkonkurransen

Blei overraska

– Me tek sikte på å levera eit heidundrande sceneshow med masse kule moves, sa den lokale trompetisten i bandet Blåsemafian til Sunnhordland før helga.

NRK skriv at deira musikkmeldar, Espen Borge, synest det var overraskande at Blåsemafian gjekk vidare.

– At Blåsemafian kom seg vidare var overraskande på meg, eg var overtydd om at dei hadde det nest svakaste materialet i kveldens konkurranse, og hadde størst tru på Beady Belle etterfølgt av Jorn. Så feil kan ein altså ta, men det er vel det som er gøy med MGP: Fullstendig uføreseieleg! sa han.

Studerte på Stord

Hundsnes, som tilbake i 2005 gjekk på musikklinja på Stord, har vore del av den internasjonalt anerkjende blåserekkja sidan 2015, og i hans tid så har dei samarbeidd blant anna med Marcus & Martinus, Madcon, Cezinando og Angelina Jordan. I tillegg har dei vore å sjå i tv-program som «Stjernekamp» og «Hver gang vi møtes».

Forutan Hundsnes består Blåsemafian av Sigurd Evensen (27) frå Oslo på trombone og Jørgen Lund Karlsen (27) frå Fredrikstad på saksofon.